[ Framsida ]

[ Siste nummer ]

[ Eldre nummer ]

[ E-post ]

 

Pb 285 Sentrum

0103 Oslo

Telefon: 22477116

framsida > nr. 124 > ims

Mål og Makt nr. 124, 2/2004

Beiken-feiden

Reportasje frå den andre norderlandske feittufreden.

Av Daniel Ims

Så har vi altså enda ein gong vori vitne til strid rundt Språkrådet. Rett nok var det ingen bokbål denne gongen, men elles kunne det til tider synast som det var gamle skiljelinjer frå tidlegare stridar som dukka opp igjen. Denne gongen var det tilmåting til norsk rettskriving av ei rad ord med jamt over engelsk opphav som skulle drøftast, noko som uttrykksfullt nok har fått ei nemning med latinsk-germansk form – norvagisering. Av ein eller annan grunn skulle det vera beiken/bacon som kom til å symbolisere heile ordskiftet, med fleire meir eller mindre fiffige bladfykordspel i avisoverskriftene. Såleis syner denne beiken-feiden eit artig samanfall med den danske majonæsekrigen, som blei utkjempa for nokre år sia. Danskane, som hos oss har ord på seg for å ikkje drive så mykje med språkrøkt, skulle prøve seg på å tilmåte ein del ord av utanlandsk opphav til dansk rettskriving, og majonæse var altså eitt av desse orda; tiltenkt rolla som den danifiserte arvtakaren til mayonaise. Som nemninga krig syner, gjekk det ikkje heilt som framleggsstillarane hadde tenkt seg, og som hos oss blei ordskiftet sett i eit noko overdimensjonert perspektiv. Det høgst forvitnelege er at det både i Danmark den gongen og Noreg nå er feittprodukta, høvesvis majones og flesk (eller beiken, da), som får det til å galne for den moderne nordbu. Desse ordskifta får såleis eit innhald som kanskje heller samfunnsvitarar og kosthaldsekspertar enn filologar burde analysere. Er vi til dømes redde for at desse matvarene skal gli lettare innunder huda vår og leggje seg om livet ved at dei får ein heimleg stavemåte? Eller motsett: kunne den nye skrivemåten ha gjort orda så rare og merkelege at vi verken ville teki dei i munnen eller i handlekorga?

Om det enn er eit visst komisk skjær over heile beiken-feiden, kan han likevel tene til å kaste lys over ein del meir generelle forhold ved den norske rettskrivinga, eller rettskrivingane, og vilkåra for normeringsarbeidet. I framhaldet vil eg derfor først ta for meg noko av det kritikarane, eller rettare latterleggjerarane, av språkrådframlegga har hevda og dernest kommentere nokre forhold eg meiner kan vera problematiske i normeringsarbeidet til Språkrådet.

Gamle stridslinjer. Mykje av skytset mot framlegga kom frå kjent hald, det vil seia frå skyttargravsstillingar ein ­kjenner frå tida ein verkeleg snakka om språkstrid. Nå ­heiter det seg at det skal vera språkfred, men atter ein gong var det riksmålsfolk, dei gamle riksmåls-/høgreavisene, høgre­politikarar og ein og annan forvirra sosialdemokrat som fyrte laus med velbrukt ammunisjon, først og fremst forsøk på latterleggjering. Frå kommentarplass i Aftenposten gauv språkrådsmedlem Per Egil Hegge laus på sjølve Språkrådet som organ og meir generelt på det norskfilologiske miljøet, som han, festleg nok, meinte hadde stengt seg ute frå ei verd dei fann vond og vanskeleg. Høgrepolitikar, og tidlegare rektor ved Universitetet i Oslo, Inge Lønning framførte på Dagsrevyen sitt viktigaste argument, nemleg at han fekk vondt i auga av dei nye skrivemåtane, mens ein kulturpolitisk tals­mann frå Framstegspartiet avgrensa seg til eit «hæ hæ hæ». Eit par dagar etter at møtet på Voksenåsen var over var Hegge på banen att i avisa si og drog dei store linjene tilbake til sensuren i Sovjetunionen på 50-talet. Innføringa av nye skrivemåtar skulle vel da kunne liknast med denne ­sensuren. I same avis fekk Inge Lønning også sagt litt meir om kva han meinte, nemleg at framlegga til Språkrådet gjekk ut på å «skape nye «norske» ord» ved å skrive køpp og pøbb. Øystein Djupedal frå SV ville også ha eit ord med i dette laget og tykte det var «nesten komisk å foreslå å fornorske så godt innarbeidede ord». Fagnemndmedlem og nestformann i Riksmålsforbundet Tor Guttu skreiv dessutan i Ordet om ei etterrøking han hadde gjort på verdsveven, der han hadde funni ut at dei nye skrivemåtane var lite brukte. Derfor skulle det etter Guttu heller ikkje vera nokon særleg grunn til å innlemme dei i rettskrivinga.

Sensur. Mykje av denne argumentasjonen kan verke tilforlateleg. Det som ligg bak Hegge si samanlikning med ­sensuren i Sovjetunionen, er vel ein tanke om at rett­skriving er noko som skal vekse fram fritt, utan øydeleggjande tvang frå offentlege organ. Det begynner likevel å skurre når ein tenkjer på at Hegge sjølv er redaktør for ei avis som ikkje bare hindrar journalistane i å velja kva målform dei vil nytte, men også endrar alle bokmålsinnlegg til den private normalen avisa hans held seg til. Spørsmålet blir såleis ikkje om ein skal ha eit normerande organ, men kva for eit organ ein vel å overlata normerings­arbeidet til. Når ein kan velja mellom ein privat og hemmeleghalden Schibsted-sensur og ein språkrådsprosess som blir prøvd demokratisk både gjennom søkjelys frå media og behandling av dei folkevalde, blir valet enkelt iallfall for meg, om ein aldri så mykje undrast over kor usaklege somme av dei som tek del i denne prøvinga tillèt seg å vera.

Usus. Med nettsøka sine ønskjer Guttu truleg å hevde noko av det same som Hegge, eit slags ususprinsipp. Faktisk bruk skal styre norma, og norma skal i ettertid sørgje for at denne bruken blir ståande ved lag. Det kan vera freistande å be Guttu setja seg ved Google ein gong til og føre ein statistikk på par som øya/øyen, jenta/jenten. Som nynorskbrukar har ein strengt teki ikkje noko med det, men dei største endringane som er gjorde i bokmål dei siste åra, er å innføre dei formene i desse para som gir dei færraste treffa på nettet. Desse endringane har komi etter at ein sette Riksmålsforbundet til å vera representantane for bokmålet i Språkrådet, med andre ord slik at dei som sjølve hadde plassert seg utanfor denne språkforma, skulle representere henne. Fintlydande prinsipp som usus ser såleis heller ut til å vera noko ein løyner det meir grunnleggjande prinsippet bak, nemleg så-lite-norskdom-som-mogleg-både-i-bøyingsverk-og-rettskriving-prinsippet.

Ein ortografiens opphavsrett? Det som overraskar meg mest er likevel Inge Lønning, som altså synest å meine at ein skapar nye norske ord i det ein gir dei ein norsk skrivemåte. Skal ein forstå det slik at ordet er utanlandsk heilt til vi stel det til oss ved å skrive det på vår måte? Eg kjenner ikkje til om det verkeleg kan vera dette Lønning meiner, men ein slik ortografiens opphavsrett ser ut til å vera eit vektig argument for mange. Overføringsverdien vil jo vera så mykje lettare om ein kan skrive det same ordet på den same måten på ulike språk. Men er eit engelsk importord vi brukar ­mellom våre norske, framleis eit engelsk ord? Når det har blitt ­tillempa til norsk uttale, norsk ordbøying og/eller norsk tyding, kan det vera grunn til å spørja seg om det. Eit ord som skapa oppstyr i førre runden med norvagisering, var tilmåting av verbet å pirse/pierce. På engelsk kan ein tala om at Kristus ved krossen «was pierced in the side». På norsk ville det grense til det blasfemiske å hevde at han blei pirsa i sida, noko som viser at verbet har fått eit anna innhald hos oss: einast det å stikke merkelege prydgjenstandar gjennom delar av kroppen. Ein annan ting er at dei orda vi låner frå engelsk eller andre språk, ofte er lånte frå andre språk igjen. Ein hende gong kan ein til og med koma til å innfri lånet, levere ordet tilbake. Det som iallfall er sikkert er at ein som regel tillempar ordet til si heimlege rettskriving på vegen. Bakalao, som nå kan skrivast med k, har vi importert frå spansk (jamvel om sjølve råvara godt kan vera importert dit frå Nordmøre), der ein skriv det med c. Til spansk skal det vera komi frå baskisk bakailao, som igjen skal ha det frå gamalnederlandsk bakeljauw/kabeljauw. Heile vegen har det rett og slett hatt grunntydinga «torsk», heilt til det kom til oss og blei redusert til den klippfiskeretten vi kjenner det som her. Spanjolane har også formidla frukta og ordet avokado (spansk aguacate) til oss frå det meksikanske språket nahuatl, der det het ahuacatl. Dei formidla likevel ikkje det denne frukta, på grunn av forma, hadde fått ­nemninga si frå, nemleg «testikkel»; det hadde ein fleire namn på frå før. Det er ikkje sikkert alle deler mi begeistring for etymologiske jordomseglingar, men som eit siste døme kunne ein jo nemne at bacon kom til engelsk frå fransk og mellomalderlatin, som i si tid hadde fått det frå germansk. Det har såleis samanheng både med engelsk back og vår bak. Med andre ord gjer dei alle fleste skriftspråk, sjølv engelsk, ei eller anna tilmåting av orda til sin heimlege skrivemåte, som tek utgangspunkt i den heimlege uttalen. Dette er faktisk sjølve poenget med alfabetisk skrift. Det absurde i å frede skrivemåten til eit ord på grunnlag av korleis det blir skrivi i språket ein låner det frå, kjem særleg tydeleg fram når det er snakk om slike ord som har vandra mellom fleire språk. Kva er det som skulle gjera nettopp det nest siste leddet urørleg?

Arbeidet i Språkrådet. Eg trur det har komi fram at eg i det grøvste er på linje med fleirtalssynet i språkrådsfagnemnda når det gjeld dei grunnleggjande retningslinjene for korleis ein skal gå fram andsynes fremmendorda. På heimesida til Språkrådet blir den overordna politikken deira på dette området presentert som å «prioritere arbeidet med å finne norske avløysarord for heilt nye engelske fremmendord» og vidare arbeide for «at flest mogleg av importorda som går inn i allmennspråket, får norsk skrivemåte». Ei grundig utgreiing av problematikken knytt til ordimport finn ein elles i Lånte fjører eller bunad – om importord i norsk, skriven av formannen i språkrådsfagnemnda, Helge Sandøy.

Når det gjeld arbeidet med avløysarord, ser ein at Språkrådet arbeider med å fremja norske ord gjennom prosjektet Ordsmia. Ved å gå gjennom listene som ein finn på heimesida til Språkrådet, vil ein finne mange gode ord, og mange av dei har faktisk slått an og slått rot. Ein finn også snart ut at det i mange av tilfella slett ikkje er dei norske orda som avløyser dei engelske, men omvendt. Min første frisbee var eit skjenebrett, og når eg gjekk med farfar i fjøset, fekk eg låne den tøffe Felleskjøpet- hans, mens onkelen min nå ruslar rundt i ein stussleg skyggelua/kaps. Vi har sjølvsagt hatt vedlegg både til oppgåver og brev i lange tider utan å kjenne noko behov for å endre det til eit attachment, men i det siste har visst somme funni denne siste termen meir dugande. Når det gjeld dei norske orda som verkeleg er avløysarord, ser ein at ein har lagt seg i selen for å finne fram gode ord. Ei innvending kan vera at dei somtid rett og slett blir for vakre for den prosaiske gjenstanden dei skal gi namn til. Såleis kan til dømes den flott allittererande og metaforiske matmølla falle gjennom til fordel for den meir jordnære kjøkkenmaskinen.

Treng vi ta inn orda i utanlandsk hått? Kor som er, når ein først er i gang med å avløyse dei engelske orda med norske, og tydelegvis ser det som ein verdi, kan ein ikkje da setja hardt mot hardt og la vera å ta inn dei engelske, iallfall så lenge dei følgjer engelsk rettskriving? Slik eg ser det, botnar mykje av den motstanden mot den norske skrivemåten i at ein alt i lengre tid har hatt mange av dei innlemma i ordbøkene og retteprogramma med sin utanlandske hått. Mot dette kan ein kanskje innvende at ei slik haldning er å leggje seg i mental fosterstilling og ikkje ta røynda innover seg, men det treng det slett ikkje vera. Det vil jo alltid vera snakk om at ein begynner å ta i bruk eit ord før normerings­instansane har vurdert det, men viss ein kjem raskare på banen, kan ein først etablere eit norsk avløysarord og i fall det ikkje lykkast, innføre importordet etter norsk rett­skrivingsmønster. Dette ville vori ein mykje enklare prosess med bare to fasar, mot dagsens firefasa prosess: 1) forsøk på å etablere eit avløysarord, 2) innlemming av ordet med fremmendt rettskrivingsmønster, 3) fremmend og norsk rettskriving i sameksistens og eventuelt til slutt 4) fastsetjing av det norske rettskrivingsmønsteret som normal. Ein har jo elles ein tradisjon i både bokmål og nynorsk for å stengje vanlege ord og former frå talespråket ute frå ordbøkene – bokmål stengjer norske former ute, mens nynorsk framleis forsøkjer å halde somme gamle lågtyske lånord på ein viss fråstand. Det er jo eit lite paradoks at av dei tre orda manager, image og fortsetja er det einast det siste som vil få ein raud strek under seg i data­programmet eg nå skriv i, jamvel om det nynorske målføret mitt har tilmåta det med jamvekts-a og det heile.

Framleis samkøyring av målformene? Språkrådet legg opp til at importord skal skrivast likt i bokmål og nynorsk, og at dei helst skal norvagiserast samstundes. Tanken bak dette er god, særleg viss ein framleis ser på dei som to skriftvariantar av eitt norsk språk. Når ein ser på korleis bokmålet ovrar seg i dag og i kva retning riksmålsseksjonen har styrt bokmålsskuta dei siste tjue åra, kan ein spørja seg om det likevel har noko for seg å samkøyre dei. Språkrådet legg opp til at den norvagiserte forma av eit ord skal leva side om side med den fremmende forma ei viss tid, før ein tar opp ordet til vurdering igjen nokre år seinare. Eg føler meg rimeleg trygg når eg påstår at ein i praksis vil sjå bokmål og nynorsk skilja lag på grunn av denne valfridomen. Generelt vil nynorskpublikasjonar bruke mindre importord, men når ein først brukar dei, vil ein stort sett bruke dei ­norvagiserte formene. Dersom bokmålet held fram som i dag, vil ein bruke langt fleire av importorda, men oftare enn på nynorsk i den forma med fremmendt mønster. Kva vil så skje når ein i ein seinare omgang skal vurdere orda på nytt? Skal ein til dømes innføre sørvis som eineskrivemåte på bokmål, sia dette har slått an på nynorsk, eller motsett: begynne å skrive service på nynorsk, fordi bokmålingane ikkje likar å sjå seg i spegelen?

Rotete røysting. Ein siste ting eg vil ta opp som problematisk når det gjeld behandlingsprosessane i Språkrådet, er sjølve røystinga. Framleggsstillarane kjem med ei liste framlegg, som er utarbeidd følgjerett etter visse ­prinsipp, men når det skal røystast over framlegga, blir denne heilskapen skipla. Dette har for så vidt gjeldt vedtaka i Språkrådet meir allment og ført til ein del inkonsekvensar i normalane som eg eigentleg ikkje trur nokon i utgangs­punktet har ønskt. Nå kan ein sjølvsagt ikkje forvente at eit skriftspråk skal vera fullstendig følgjerett, i alle fall ikkje så lenge vi også har ønske om at det skal vera levande (eit såpass vørdt språk som latin fekk som kjent ikkje den fastlagde norma det har i dag før lenge etter at det var utdauda som talespråk), men ein viss støleik vil alltid vera til hjelp for dei fleste av oss. Eg ønskjer meg derfor at framlegga i Språkrådet blir lagde fram som meir heilskaplege pakker der ein ikkje kan plukke ut eitt og anna vilkårleg ord fordi lunet til den enkelte språkrådsmedlemen ikkje var heil stemt for nettopp den ordforma den dagen.

Utfordringar. Beiken-feiden har klargjort at somme koplar ut elles skarpe hjernar når det kjem til rettskriving. Han har også vist kva leirar dette gjeld. Utfordringa for Språkrådet i framtida, eller den arvtakaren som måtte koma, vil vera å utarbeide arbeidsmåtar som gjer at det ikkje blir så stor ståhei for så lite. Da kan ein ta til med å drøfte det som eigentleg er verdt å drøfte når det gjeld ordimporten og forholdet mellom skrift og tale. Er det til dømes problematisk at det er gøy å gøy («morosamt å bjeffe») eller at keitering-kjeiet er kipt og keitete? Desse utfordringane er det jamt over gjort greie for på ein overtydande måte i utgeiinga frå Sandøy, men dessverre skapar sjølve arbeidsmetodane til Språkrådet og gneldringa frå sidelinja såpass mykje støy at det eigentlege innhaldet ikkje når fram.

Daniel Ims studerer spansk hovudfag.